|
Agilitynytt i LHK |
|
|
Gjeld
agilitytrening
Dei tre klassevinnarane
Alle som var med inkludert dommar Helge Alme og ringsekretær/skrivar Ronny Fossøy
Samarbeidsvillige værgudar gav oss ein flott dag på Nes! Premielista: Stor hund: Nr. 1 og KLUBBMESTER 2011 Ann-Kristin Teigen & Costa (pinscher) 2: Marianne Aas & Vikki (australian shepherd) 3: Marianne Aas & Sessa (golden retriever på 11 år!) 4: ANDRE BESTE JUNIOR OG BESTE MANNLEGE FØRAR Marcus Leirdal Henden & Troy (border collie) 5: Reidun Elle & Hulda (mix boerboel x rottweiler?) 6: Inger Handegård & Vezla (engelsk springer spaniel) 7: Mette Alme & Hårek (kleiner münsterländer) Mellom hund: Klassevinnar, nr. 2 samanlagt og BESTE JUNIOR 2011 Emma Nyløy & Busy (shetland sheepdog) 2: Stine Eidslott Svinø & Ossi (dansk svensk gårdshund) 3: Mona Nyløy & Kiwa (shetland sheepdog) 4: Jane Nybø Torgersen & Sarah (mellompuddel) Liten hund: Klassevinnar og nr. 3: Jane Nybø Torgersen & Sofie (toypuddel) Stor gratulasjon til vinnar Ann-Kristin som verkjeleg har hatt eit fantastisk år i år. Ikkje nok med at ho vart klubbmeister i agility. Ho har også debutert på offesiell agilitykonkurranse, ho har fått utstillingschampionatet på Costa og dei har fått 1. premie på ordinær blodsporprøve. godt jobba! Emma vart beste junior og gjorde ein knalljobb med Busy. Etter det eg hugsar så vart det vel eit riv, og det kan ha vore nok til at du vart nr. 2. Ellers gjekk dei igjennom banen knirkefritt og fort. Godt jobba! Ein spesiell gratulasjon til Marcus som vart beste mannlege førar og andre beste junior. Han er også den som klipper bana for oss og som vanskeleg hadde han gjort ein super jobb også denne gongen på ei våt og sleit bane. Klipte i mørket gjorde han også! Du har vel ennå ikkje fått utbetalt klippelønn - men den kjem!
Klubbmesterskap
i Agility på Nes 17. september frå kl. 11.00
Dommar blir Helge Alme.
Referat frå agilitykurset 20-21.
august Alle jobba med same banar, men for dei ferske, vart det meir belønning undervegs, mens andre kunne køyre på med lengre kombinasjonar. Dette er vårt første kurs med ein nesten komplett bane, og det gjorde da ekstra moro:-) Me fekk mykje skryt for området, og Line var visst litt misunneleg på den flotte grasbana.... Dei vidarekomne ekvipasjene, som har hatt 2 kurs med Line før, fekk vite at dei hadde hatt tydeleg framgang sidan sist; det var kjekt å høyre, og betyr at me trenar rett:-) Line er utruleg engasjerande, og sit inne med mykje kunnskap, som ho villeg deler med alle:-) Samtlege ekvipasjer hadde stor framgang i løpet av helgi, og det var ein gjeng slitne, men fornøgde hunder og eigare, som avslutta kurset søndags ettermiddag, og alle fekk med seg gode tips til vidare trening framover. Laurdags ettermiddag fyrte me opp grillen, og hadde ein triveleg og sosial avslutning på dagens økt! Er sikker på at alle kosa seg og tykte at dette var kjekt:-) Mona
Agilityoppvisning på Olsokmarknaden
i Fortun søndag 31. juli
Laurdagen vart det mest trening på enkelthinder, og så fekk alle avslutte med eit par enkle kombinasjonar på slutten. Søndagen gjekk me eit steg vidare, og sette saman fleire hinder til banar, som alle fekk prøve seg på. Alle viste stor framgang i løpet av desse to dagane! Ekstra kjekt var det å sjå, at til og med hinder som til å begynne med var ganske skumle, oppsøkte dei no frivilleg sjølv. Som instruktør må eg få sagt at det var ein kjempetriveleg gjeng å jobba ilag med. Kjempemotiverte førare og gode hundar som har kapasitet til å gjere det bra. Flinke fotografar, hjelparar og publikum, som var med og gjorde dette til ein sosial og triveleg helgJ Velkomne igjen og takk for meg! Mona Nyløy Fleire bilder frå kurset finnes - men eg manglar enno link til albuma som er oppretta på facebook Her er link til Mona sine bilete (håpar eg) Her er link til Helge sine bilete 13.
april
21. mars
Aktivitetsplan for agility i 2011 Agilitykurs 2-3. april Instruktør: Line Coucheron. Hun konkurrerer på høyt nivå, og holder jevnlig kurs i agility. Hun holder til i Fyllingsdalen i Bergen. Du kan lese mer om henne her. (http://www.kennelrealscoop.com/test/realscoopny.htm) Krav: konkurranserettet med åpning for individuell tilpassning. Men det er en fordel at hund kan hinderne siden kurset fokuserer på handling. Sted: Kaupanger Ridehall lørdag 2.april kl.10:00 - 16:00 og søndag 3.april kl.09:00 - 15:00 Pris: Medlemmer: 1000kr Ikke-medlemmer: 1200kr Påmelding innen 25.mars til: Mona Nyløy pr mail: mona@smedhaugen.com
Augustbildet - det er
aktivitet på "Kloppi" torsdagskveldane
REFERAT FRA AGILITY-MØTET 23. juni 2010
Dugnad Frå agilitytreninga på Kloppi 20. mai. Foto: Inger Handegård
15. april 2010
Frå agilitytreninga på Kaupanger i vinter - Ozzy og Busy
9. februar |