|
Klubbens historie 1986-2005 |
|
For aktivitetar i perioden 2005-2010 - gå til denne sida |
|
![]() |
1985: I 1985 flytta Inger Handegård til kommunen og oppdaga då at det ikkje var nokon hundeklubb her. 1986 -
klubben vert skipa Inger Handegård Til venstre er den originale logoen til klubben. |
1987:![]() Nr. 1 av bladet Lustrahunden kjem ut. målet er å gi ut dette bladet 4-6 gonger i året. Redaktør er Inger Handegård. Medlemskontigenten er kr
50.-. I mars er det medlemsmøte og veterinær Olav Hermansen snakkar om sjukdommar. I april er det oppstart av dressurkurs med Inger Handegård som instruktør.15. deltakarar var med - 6 klarte merket. Ved utgangen av året har klubben 16 medlemmer og ein har kr. 3.805 i klubbkassa. |
|
1988:![]() Det er det første val av styre i klubben - dette vert gjort på første medlemsmøte dette året. Dag Aanes vert vald som leiar. Dei øvrige i styret er Jane Nybø, Anne M Solheim og Inger Handegård. Det er 5 medlemsmøter dette året. Inger snakkar om sporarbeid og opplæring av sporhund, Finn Henne frå Sogndal snakkar om opplæring av gjetarhundar mm, Inger snakkar om innlæring av hund og om fotografering, Bjørn Furuseth, Årdal, snakka om lavinehundarbeid og Pete Iversen snakkar om schäferhund. Det vert laga eit eige hefte: Gjetarhund, noko for deg? som bilag til Lustrahunden.
Det er dressurkurs med 13 deltakande hundar. Dag helt kurset for dei nye. Berre to klarar appellmerkeprøven. Inger held kurs for vidarekomne. Lustrahunden kjem ut med fleire nummer. Ved utgangen av året har klubben 21 medlemmer og kr. 12.629 i banken. Det vert arrangert
uoffisiell utstilling i samband med Lustradagane - over 50
hundar var påmeldt. BIS vert mopsen Tangetoppens Charma - poplært kalt Bolla - til Liv Eldegård, Årdal. |
|
|
1989 - klubben har sitt
fyrste ordinære årsmøte
Det er to medlemsmøte dette året. Tema for første møte er lydigheit. Pete Iversen held dressurkurset med 10 deltakarar - 4 klarte merket. Det vert arrangert klubbmeisterskap i lydigheit - 5 deltek. Vinn gjer Dag Aanes med golden retriever Chribass som starta i klasse II. I samband med dennek onkurransen vert det sett opp ein pokal til vinnaren. Lustrahunden kjem ut med fire nummer. Sidan dette er eit kopiert blad på dårleg kopimaskin, må ein i dag kunna sei at kvaliteten på bileta er nokså dårleg... Det er fotokonkurranse med 44 bilder. Voss fotoklubb og Inger er er jury. Vant i klassen fritt motiv gjorde Anne Margrethe Solheim. Vant i klassen aktiv hund gjorde Wenche Bergseth. Sidan interessa for fotokonkurransen er så stor, er det ny fotokonkurranse med Voss fotoklubb som jury. Det var to klassar. I klassen Arbeidskamerat og ven vant Inger Handegård. I klassen portrett vant Mona C. Hansen (seinare Nyløy), Det er ny uoffisiell utstilling der S Wesenlund skal dømme, men då ho trekkjer seg i siste liten steppar Inger Handegård inn som dommar. Best in show vert Infanta's Cazzandea Apeleonia til Tom Sandvik, Gaupne. Det var eit forferdeleg regnvær denne utstillingsdagen. Ved utgangen av året har klubben 40 medlemmer og kr. 6705 i banken. |
|
|
1990: Kontigenten er kr. 50 for medlemmer - kr. 30 for juniorar. Ved samarbeid med NKK skal kontigenten aukast opp for å dekka dei reelle utgiftene. Dette året vert det annonsert tre dressurkurs for kvelpar, nybegynnarar og konkurransekurs. Instruktør er Inger. Fire går opp til appellmerkeprøve.
51 hundar er påmeldt. BIS-kvelp vert schäfer
Fasties Donny til S. Larsen, Hemsedal. Beste Lustrahund (foto) og BIS-3 (?) vert gordon setter Langvatnets Ringo til Olav Hermansen. Han vart dermed den fyrste vinnaraen av pokalen sett opp av Luster Sparebank til beste Lustrahund. Klubbmeisterskapet i lydigheit måtte avlystast då berre ein førar/hund meldte seg på... Lustrahunden kom ut med to nummer - få sender inn stoff...
Frå venstre Inger Handegård med Nellie, Jane Nybø med Fargo, Anne Margrit Hov med Shivas (4 mndr.), Britt Helen Langeland (14 år) med Topzy og Svein Harald Hovland med Bellona. Det vert arrangert brukshundkurs over fleire helger med Agnar Storbakk frå Førde som instruktør. Heile 11 hundar er innom kurset - men berre 6 held ut og går opp til avslutningsprøven. Vinnar av nybegynnarklassen vart Britt Helen og Topzy og vinnar av vidaregåande vart Inger og Nellie. Ved utgangen av året har klubben 45 medlemmer og kr. 18.659 i banken. |
|
|
1991: Det vert diskutert om klubben skal søkja samarbeid med NKK. Då treng me minst 50 medlemmer. Det vert diskutert i styret at Luster kommune har lova oss ein stad å vera - men at me framleis ikkje har nokon plass. Det vert også diskutert å gå i gang med agility. På årsmøtet vert Anne Margrethe Solheim vald til formann. Styret vert no utvida til 5 styremedlemmer - i samsvar med krav frå NKK. Resten av styret er Inger Handegård, Kirsten Aanes, Jane Nybø og Svein Harald Hovland. då Anne Margrethe flyttar til Sverige for å studere til veterinær, troppar neistleiar Inger inn som fungerande formann. Randolf Gimre vart arrangert i samarbeid med Luster JFF og Sau og Geiteavlslaget. Regn og is gjorde alt dei kunne for å gjera kurset surt for dei 24 deltakarane på kurset. Finn Henne skulle ha brukshundkurs, men instruktør vert Agnar Storbakk, Førde. 11 hundar var påmeldt, men berre 7 var med til slutt. vinnar av konkurransen vart Brit-Helen Langeland med Topzy. Det vert starta opp med kvelpetreff i helgene, men interessa er laber. Klubben lagar to små hefter - eit som er eit informasjonshefte om klubben og eit hefte heiter Før du kjøper hund og er retta mot nye hundeeigarar. Begge hefta vert bl.a. lagt ut på veterinærkontoret i Gaupne. Det vert klaga over at klubben har manglande instruktørar. Inger Handegård held dressurkurs. Det vert planlagt avlskurs og viltsporkurs. Då kravet om ettersøkshund no er kjent, er det fokus på dette arbeidet i klubben. Klubben arrangerer sitt første sporkurs med Inger Handegård som kursleiar. Dei nye reglane for viltsporprøvar der ein no kan starta direkte utan å ha 1. premie på 3 timar gamle spor, vert innført dette året. Første godkjende ettersøkshunden i kommunen er Varga til Magne Urnes. Han tok fersksporprøven sin i Hemsedal. Tre hundar manglar framleis fersksporprøven for å verte godkjent, dette er springarane Nellie, Hazel og Fargo.
Klubben har uoffisell utstilling med Torunn Sørbye som dommar. 65 hundar var påmeldt. BIS vert bullmastiff
Eastwood av Showman til Oskar Seim, Årdal. (til venstre)
Frå venstre i konkurransen om beste blandingshund: 1: Rusken til ?, Myklemyr. 2: Shivas til Anne Ma Hov 3: Guri til ? Dette året kom Lustrahunden ut med 4 nummer. Det vert sett opp pokalar
til årets bruks/lydigheitshund (den gamle pokalen til
klubbmeister i lydigheit som berer er delt ut ein gong...),
årets jakt/sporhund, årets utstillingshund og årets
allsidigheitshund. Sidan fleire av dei som er med sit i styret,
vert resultata oversendt til Olav Hedne, Ås for avgjerd. Ved utgangen av året har
klubben 41 medlemmer og har kr. 20.390 på bank. |
|
|
1992 - klubben får lover i
samsvar med NKK sine krav Ny leiar vert Inger Handegård. Ny i styret er Geir Arne Kvam. Det var einstemmig å søkje om medlemskap i NKK.
Olav Hedne dømmer den uoffisielle utstillinga vår der 55 var påmeldt utstilling. Samstundes er det uoffesiell lydigheitsprøve med 10 deltakarar. Hennie Holt frå Ål dømmer denne. Ferjestrek heldt på å setje ein stoppar for heile arrangementet. BIS vert schäferhund
Ingodds Maffay til Agnar Storbakk, Førde. BIS-kvelp vart lundehunden Vilitens Oda til Toralf Drevdal (foto). To fekk 1. premie i lydigheit klasse I. Vant gjorde Agna Hollekve, Sogndal med groendal Sørters D-Ronja. Nr. 2 vart Jane Nybø med Desperados Fargo. I klasse II var det ein 1. premie; Dag Aanes med golden retriever Chribass. På medlemsmøta er tema 1: Før du kjøper hund og dressur av unge hundar, 2: Vising av lydigheitsvideo og 3: Pelsstell, utstilling, avl- og oppdrett. det siste møtet møtte ingen på... Det vert seinare arrangert eit avlskurs med Inger som instruktør og 5 deltakarar. Inger arrangerer også viltsporkurs. NM viltspor går i Bergen og to frå klubben er kvalifisert, melder på og kjem med (1. premie eliteklasse). Det er Inger Handegård og Jane Nybø med Desperados Freska og Desperados Fargo. På hausten har me match show. det var store problem med å skaffa dommar - men til slutt tok Jane Nybø og Svein Harald Hovland på seg jobben. Utstillinga vart arrangert som match show med 8 påmeldte hundar - 3 kvelpar og 5 vaksne. Vant gjorde engelsk setter kvelpen Cindy til Helene Lindskog. Det er ny fotokonkurranse og juryen er dei tilsette hjå fotograf Sviggum i Sogndal. Vant gjorde Inger Handegård. Klubben er no samarbeidande med NKK og me fekk ei heil side i bladet Hundesport nr. 6/7-1992 der me presenterte klubben. Bladet kjem ut med 4 nummer dette året - og me etterlyser nokon som vil overta som redaktør for Inger. Årets mestvinnande 1992: Ved utgangen av året har klubben 65 medlemmer og kr. 10.656 i banken. |
|
|
1993 - Klubben arrangerer
offisiell lydigheitsprøve, viltsporprøve, apportprøve og
jaktanleggsprøve Leiar er framleis Inger Handegård. Nytt styremedlem er Hele Lindskog.
Det starta med lydigheitsprøve 25. april. Dommar var Aud Liv Nes Eide. Totalt var det påmeldt 11 hundar - men av desse feill heile 5 løpetid! Det srata til slutt 3 hundar i klasse I, 2 hundar i klasse II og 1 hund i klasse III. Frå venstre Kirsten Aanes med golden Cribass som vant klasse II med 155 poeng og ein 2. premie. Rolf vinda med border collie Felix som vant klasse III med 230 poeng og 2. premie. Britt Helen Langeland med labrador Topzy fekk 2. premie i klasse II. Eirik Leirdal med border collie Heidi fekk ein 2. premie i klasse I. Jane Nybø med springer spaniel Fargo vant klasse I med 1. premie. Til høgre Vigdis Vigdal med labrador Aisa Zici som ikkje gjekk til premiering denne gongen. 20. mai står viltsporprøven for tur. Mads Jarle Vole er dommar. Det er 9 startande hundar. Alle dei tre beste plassane går til springer spaniels frå Bergen. Det vert gitt ut berre ein 1. premie, det er til springeren Salix Black Mail til Jan Risløw frå Bergen. Det var ein slags "normalfordeling" i premieringane då det var berre ein som kunne få 1. premie og det "skulle ikkje finnast så mange gode hundar på ein prøve", i fylgje dommaren. Beste Lustrahund vart Freska til Inger Handegård. Klubben arrangerer også bevegelege sporprøvar då me har fått godkjent ein dommar i kommunen, Magne Urnes. Ved utgangen av året har kommunen 5 godkjende ettersøkshundar - dette året før kravet om godkjent ettersøkshund kjem. 22 hundar har til no prøvd seg på bevegeleg prøve - av desse har 8 vorte godkjent. Det vert arrangert utstillingskurs med 8 deltakarar. Pelsstellkurset har ingen påmelde. Det som har fungert best av aktivitetar dette året er felles viltsportreningar. Planen var å arrangere dressurkurs/brukshundkurs med innleigd instruktør, men denne personen trekte seg. I juli er det nok ein uoffisiell utstilling. Dommar er Hilde Aune. Det er påmeldt 3 kvelpar og 25 vaksne hundar. Best in Show vert NUCH Desperados Fargo (springer) til Jane Nybø. Men han vert av dommaren IKKJE kåra til beste Lustrahund. Det vert Roxy - ein collie til Jakob Øygard som plasserte seg som BIS-3...
Dommar Ellen Getz Wold får heile 10 startane hundar på apportprøven (8 godkjent) og 8 startande på jaktanleggsprøven (4 godkjent). Inger Handegård startar med NUCH Desperados Freska, som einaste frå kommunen, og får godkjent på begge prøvane. På bildet dei fire som får
godkjent på jaktanleggsprøven. Frå venstre
Arild Gjervik med NSVCH
Desperados Hero, Askvoll, Inger Handegård med NUCH NVCH
Desperados Freska, Arthur Taule, Bergen med Stormbird's The
Observer, Else Grindheim, Bergen med Lajban's Ordeal By
Innocence.
Klubben byrjar å kjøpe inn gode hundebøker som vert gitt til biblioteket. Det er fotokonkurranse med 23 innsendte bilete. Det vert diskutert offisiell utstilling i 1995 og offisiell jaktprøve for ståande fuglehundar. Ved utgangen av året har
klubben 73 medlemmer og har økonomisk hatt eit overskot. Årets mestvinnande 1993: |
|
|
1994 Nye styremedlem er Ragnhild Arnsesen og Bjørn Monsen. Inger Handegård er leiar. Det forsøkt å gi fem personar i klubben ulike ansvarsfelt. Det vert arbeida med å få fleire trinn I instruktørar - fire personar sa seg villige til å stilla - men så visar det seg at årets instruktørkurs er i Bardu... Den uoffisielle utstillinga dette året vert avlyst då berre 10 har meldt seg på. som vanleg vert det etterlyst stoff til medlemsbladet Lustrahunden. Ingen sender inn stoff...
Til den offisielle lydigheitsprøven er det berre tre påmeldte då fristen går ut. Men 4 hundar til meldte seg på etter fristen og dommar Aud Liv Nes eide sa seg villig til å halda eit lite lydigheitskurs saman med prøven, for å få arrangementet til å gå i 0. Frå venstre Jane Nybø med Desperados Fargo (1. premie LP I og nr. 2), Kai Inge Cirotzki med Klokkarsteinens Beauty Cora (2. pr. i LP I), Inger Handegård med Desperados Freska (3. pr. LP II) og Desperados Hedda (1. pr LP I og nr. 1) og Grevens Chaco med Boger, Vik som ikkje gjekk til premiering i klasse III denne gongen.
Til viltsporprøven er det fleire påmeldte enn dei 10 det er plass til. Denne gongen slår Lustringane til med fleire hundar. Dette er dei som fekk 1. premie på prøven, alle er av rasen engelsk springer spaniel. Frå venstre Stormbirds Treble Chance til Janiche Helen Pedersen, Bergen som vart nr. 4. Rune Torgersen sit utan hund, men han starta med Aya Pine Valley DF og vart nr. 2. Andreas Otterhjell med NUCH NVCH Revirets Nellie of Grace Field får HP og vinn prøven. Dette er hennar tredje start på ordinær blodsporprøve og tredje gong ho vinn prøven... Inger Handegård med NUCH Desperados Freska vart nr. 3. Else Grindheim, Bergen med Lajbans Orderal By Innocense. Luster hundeklubb er medarrangør på spanielhelga i Luster som trekkjer 14 spaniels til uoffisiell utstilling, 10 på jaktanleggsprøve og 1 på apportprøve. Per Løkken dømmer. Av dei 10 hundane på jaktanleggsprøve møter 9 og 5 vert godkjent og den eine på apportprøve vert også godkjent. Best vert Desperados Iza ført av Bodil Otterhjell. Den uoffisielle utstillinga i klubben for alle rasar har berre 10 påmeldte hundar, og vert difor avlyst. Eva Rasch Arnesen snakkar om sjukdommar på hund på eit medlemsmøte. Mangel på isntruktørar vert teke fram som eit problem for å få meir aktivitet i klubben. Harald Thue frå politiet kjem og helt ein særs vellukka brukshundkurs. Klubben bestiller emaljerte merker med klubblogo på for bruk på premiar. Det vert også bestilt pins. Samarbeidet med biblioteket held fram. Dei kjøper nokre av dei bøkene klubben ynskjer seg, og klubben gir ei bok til biblioteket. Etter berre to nummer med
felles medlemsblad trekkjer Luster Jakt og Fiskelag seg ut av
bladsamarbeidet.
På den ordinære viltsporprøven i Høyanger er det fire Lustra-hundar som stikk av med alle premiane. Frå venstre: Einar Lingjerde med labrador retriever Sne's Toya (2. premie), Inger Handegård med engelsk springer spaniel desperados Hedda (1. premie og nr. 2) og NUCH NVCH Desperados Freska (1. premie og prøvevinner) og Helge Alme med beagle Amarita's Lord Hamlet (2. premie). Førarane til dei fem godkjende ettersøkshundane i kommunen, alle mdlemmer i LHK, går saman og skipar Luster ettersøksring. Dei fem er: Magne Urnes (vert leiar) med Varga, Andreas Otterhjell med Nellie, Inger Handegård med Freska, Rune Torgersen med Desperados Fargo og Linda Hermansen med Desperados Gussie. Ved utgangen av året har klubben 84 medlemmer. Dette året gjekk klubben i underskot. Årets mestvinnande 1994: |
|
|
1995 Ny i styret er Per Kvamsdal. Leiar er framleis Inger Handegård. På årsmøtet vert det servert gryterett og sett på video om lundehund og brukshundkurs 1994. Ei viktig sak som det vert forsøkt jobba med er ein stad å vera. Kommunen får tre nye ettersøkshundar, Helge Alme med beagle Amaritas Lord Hamlet, Einar Lindgjerde med labrador Sne's Toya og Jan Inge Skjerven med bayer Risbakkens Beauty Rosa. Interessa for spor er stor og heile 20 hundar er påmeldt sporprøven. Dommar er Arne Løland. Prøven går over to dagar. Heile 8 går til 0, to til tredje premie, ein til 2. premie og 9 får 1. premie. Av desse er det to med HP, Prøvens beste hund vart cocker spaniel Blue Betty Boop til Thor Viggo Eldevik, Flekke, nr. 2 med HP NUCH NVCH Revirets Nellie of Grace Field ført av Andreas Otterhjell. Nr. 3 vart vart Kåre stedje med labrador Sotrellas Fellow. Denne gongen hadde me langvegsbesøkande til prøven vår. Heilt frå Malmø i Sverige kom Helen Hedlundh Håkansson med cocker spaniel Ørlidens Swedish Blue Music. På viltsporprøve nr. 2 dømte Arnstein Bjørkedal. Det er no 9 ettersøkshundar i kommunen. Norsk Spaniel Klub har enno ikkje fått på beina avdeling i fylket, så nok ein gong står Luster hundeklubb som arrangør for jaktanleggsprøve og apportprøve for spaniels. Inger Handegård er dommar. 7 hundar startar på apportprøven, to på jaktanleggsprøven.
Historien held snart fram!!!
Februar 2011: Avtroppande leier Inger
Handegård takkar kasserer Mona Listou for eit godt og viktig arbeid i
klubben. |
|