Månadens
Her kan medlemmer og andre i kommunen skrive sine små
hundehistorier
Kvar
Alle bidrag mottas med takk!
Send mail med tekst og bilder i
orginalformat slik det kjem ut av kameraet til webmaster.

30.januar
08
Snart
godkjent ettersøkshund for bjørn i kommunen?
På grunn av bjørnen som var i Jostedalen for ei tid sidan reiste
Bølla og eg til Elverum for å gå på kurs i ettersøk av skada bjørn.
Det var mykje teori, en del skotplassundersøkelsar og ein ganske omfattande skyteprøve som gjekk på presisjon, hurtigskyting og bevegeleg mål.
Men det eg vil skrive litt om her, er hunden og mentalitet/bjørnetesten på Østli hundesenter.
Det var faktisk nokon som meinte det var godt det var hunden som skulle testast og ikkje eigaren... Eg hadde til å
begynne med tenkt å ta med ein huskyblanding eg har, men så oppdaga eg ut at lydigheit var en del av prøven og at hunden
skulle vera laus på en del av testane, så da måtte det bli Bølla i staden.
Bølla er blanding av dachs, basset og border collie. Ho har eit ganske friskt gemytt og er trygg på seg
sjølv, noko som kom godt med på prøven. Eg hadde aldri vore med på
noko slikt før og hadde ikkje så altfor store forhåpningar då me starta. Bølla var fyrste hund som starta.
Lydigheita gjekk bra og det gjekk sånn noke lunde i resten av løypa også.
Eg var litt mellomfornøgd, men til min store overaskelse vart ho godkjent og fekk karakteren "anbefalt".
Kor godt ho hadde gjort det vart eg fyrst klar over då alle dei ni andre hundane på prøven
strauk! Det som skal til for å få ho ferdig godkjent som ettersøkshund på bjørn er ferskspor, blodspor og møte med bjørn for å sjå om ho tåler møtet.
Dette vil Hedemark JFF ordne, så til våren reiser me til Orsa bjørnepark i Sverge, så da får me sjå om det blir
nokon godkjenning på oss.
Helsing Oddvin Kveane og Bølla
|