Klubbkonkurranse 2010 - Trim + foto

1: Bli kjent i Luster kommune i 2010
- inkludert fotokonkurranse

Gå trimtur på 6 ulike stader stader i kommunen - med hund - og bli med i konkurransen!

Turen til Heggdalen startar i Engjadalen - dalen ovanfor Gaupne. Parker der vegen kryssar elva øverst i dalen og gå T-merka sti til Navarsete og vidare til Heggdalen. Turen tek ca. 1,5 time kvar veg.



Stadene er:
1: Molden
2: "Spegelen" på Indre-Hafslo
3: Vardanosi i Fortun
4: Gamle kongevegen ned Årøyane i Hafslo
5: Dulsete i Mørkridsdalen (alt. Heggdalen)
6: Bergheim på Sørsida

For å vera med i konkurransen må du sende eit bilete av hunden din frå minst ein av desse plassane til Inger - inhand@online.no innan 1. november
Bileta som vert sendt inn vert lagt ut fortløpande på heimesida vår.
Du må skrive navn på kven som var med på turen, kven som tok biletet og kva dato du tok biletet. 

Du kan også legge bilda inn i album sjølv!
Då går du inn på www.picasa.com
Logg deg inn med E-posten til klubben som er:
luster.hunde@klubb.nkk.no
Passordet er Lusterhk

Her finn du link til alle albuma våre

1: Her finn du link til Molden-bileta

2: Bileta frå Spegelen finn du her

3: Bileta frå Vardanosi er her

4: Bileta frå Kongevegen i Årøyane

5: Bileta frå Dulsete

6: Bileta frå Bergheim

Det vert trekt premiar i tre kategoriar:
1: Dei som har sendt inn 6 bilete og dokumentert at dei har vore alle dei seks stadene i 2010
2: Alle som har dokumentert med bilde at dei har vore på minst ein av stadene
3: Fotokonkurranse - kven har det beste biletet frå ein av desse turane
- (må vera det biletet som vert brukt som dokumentasjon frå turen)

For å vera med i denne konkurransen må minst EIN i familien (far-mor-datter-son) vera medlem i klubben
Og berre ein deltakar i konkurransen pr. medlemsskap.

Me trekker to gavekort på kr. 300 i kategori 1 og 2.
Først trekker me ut ein som har gått alle turane - så vert det trekt eit gavekort til mellom alle som har gått tur.
I fotokonkurransen vert det eit gavekort på kr. 300 til vinnaren, på kr. 200 til nr. 2 og på kr. 100 til nr. 3.

Her finn du meir informasjon, kart og bilete over turane (Er ei pdf-fil på 1MB).

Medlem: Tur 1:
Molden
Tur 2:
Spegelen
Tur 3:
Vardanosi
Tur 4:
Kongevegen
Tur 5:
Dulsete
Tur 6:
Bergheim
Inger Handegård X X X X X X
Laila og Lars Gunnar Røneid       X    
Mona Nyløy X X X X X X
Asbjørg og Vegil Rebni Kjer X X X     X
Ann-Kristin Teigen X     X    
Janicke Sundal X          
Marianne Aas X X X X   X

2: Fotokonkurranse - ope tema HUND
To klassar: Senior og junior.
Eit bilde pr. medlemsskap.
Dommar vert Hans Hodne, Rogaland
I kvar klasse har me gavekort på kr. 300 til vinnaren, kr. 200 til nr. 2 og kr. 100 til nr. 3. 
Bildet må sendast til Inger - inhand@online.no innan 1. november.
Eller du legg bildet direkte inn i webalbumet.
Merk mailen tydeleg med navn på fotograf og kven som er medlem i klubben.