|
Lydigheit (LP) |
|
Kontakt
gruppa: |
Møtereferat |
Terminliste og regelverk på Norsk Kennel Klub (NKK) si heimeside Treningstips på sida til hunden
|
|
Kommande aktivitetar |
|||
Treng du
lydigheit-konkurransetrening?![]() Nytt høvet og meld deg på uoffisiell lydigheitskonkurranse på Nes mandag 14. mai om ettermiddagen Det vil vera alle klassar inkludert appellmerkeklassen - men ingen tildeling av appellmerke denne kvelden. Du kan prøve deg på dei øvelsane du vil - og hoppe over dei du ikkje vil prøve på. Du kan belønne hunden din etter kvar avslutta øvelse. Målet er å få meir konkurransetrening - og sjølvsagt får du også med deg nokre tips! Dommar: Tommy
Haukeland Påmeldingsavgifta vert kr. 100.- pr.
hund. Påmelding skal sendast på mail til
Inger Handegård kennel@desperado.no
|
|||
|
Vidare trening vert torsdagar 26. april og 3, 10, 24 og 31 mai. Ein dato til vert avtala på kurset, det kan vera ein fredag eller i ei helg. eventuelt ein torsdag i juni. Eva tek kontakt med alle
som har meldt si interesse for å få endeleg påmelding. Me har ein som står
på venting, då det ser ut til at det er fleire påmeldt enn det er plass til. Du kan gå opp til prøven
så mange gonger du berre ynskjer etter avslutta kurs.
Meir informasjon får
du hjå Inger Handegård på mobil 918 35 324
Klubbmeisterskap og uoffisielle lydigheitskonkurransar er under planlegging
Ynskjer du å gå opp til bronsemerket i lydigheit? Pris for prøven inkludert
merke er kr. 150.- For å få merket må du ha minst 5 poeng på alle øvelsar.
Fullstendig regelverk finn du på NKK si heimeside - link øverst på denen
sida. Dersom du ynskjer å gå opp til prøve tek du kontakt med ein av
dommarane - så avtalar de tid og stad: Her kan du sjå ein video av ein appellmerkeprøve. Eller kva med denne hunden som har ein 6 år gamal førar på prøven...
Kort om lydigheitskonkurransar
Me anbefalar alle nybegynnarar som vil starte i lydigheit om å først gå opp til ein appellmerkeprøve for å sjekka kvar du ligg an i løypa når det gjeld trening. Lydigheitsgruppa har konkurransetrening for alle som har bestått appellmerkeprøven og vil arrangere appellmerkekurs for nybegynnarar. Hugs at tannvisning er ein obligatorisk øvelse i lydigheit klasse I. Denne øvelsen MÅ du bestå for å kunna gå vidare i konkurransen. Fellesdekk er ein anna viktig øvelse. Dersom din hund kan tenkje seg på å "yppe" seg mot nabohunden som ligg tre meter unna, bør du trene meir før du stiller opp til denne øvelsen. I alle dei andre øvelsane er du og hunden åleine i ringen. Hunden på denne videoen går til 170.5 poeng og ein solid 1. premie i klasse I. Totalt er det råd å oppnå 200 poeng i klasse I. Du må ha bestått på alle øvelsar for å få appellmerket i sølv. Du kan få 1. premie i klassen (160 poeng eller meir) og opprykk til klasse II, sjølv om du har 0 i ein øvelse.
Vidare opp i klassane vert øvelsane meir om meir krevjande. Bl.a. er det felles sitt i klasse III. Kanskje det er det desse hundane trener på?
Her kan
du sjå ein dyktig hund og førar som går lydigheit klasse II. |
|||
|
Uoffisiell LP konkurranse -
appellmerkeøvelsane i Gloppen 25. februar 2012
Lydigheitskurs i regi av Norsk Spaniel Klub på Nes 16-17 juli 2011 Alle skrytte over det
flotte området vårt og sa at dette var ein ideell plass å halde kurs.
Det er mange år sidan klubben arrangerte klubbmeisterskap i lydigheit. det var derfor spennande å sjå kor mange som meldte seg på, sjølv om meisterskapet var midt i juli. Dommar var Yvonne Keeve frå Tyskland som var i Gaupne/Norge for å halde lydigheitskurs for spanielklubben i fylket. Yvonne snakkar og forstår litt norsk, er god på engelsk og hadde god hjelp av ringsekretær Anne Katrin Bøyum og skrivar Jane Nybø Torgersen. Sidan det ikkje var venta alt for stor deltaking på dette klubbmeisterskapet vart det også opna for at ikkje-medlemmer fekk delta. Sidan me fekk lov å belønna hundane våre mellom kvar øvelse vart dette ei fantastisk flott og motiverande konkurransetrening også for dei firbeinte.
Foto over: Tannvisning i klasse I. Kari Grethe med den flotte blomekransen ho laga. Premiane - det vart premie til alle som deltok. Dei tre beste på prøven kom alle frå Luster hundeklubb. Frå venstre Inger Handegård med Desperados Xmilla (klasse II), Eva Røneid med Narjanas filosophia (klase I) og Emma Nyløy med Smedhaugens busy Babe (klasse I og beste junior). Yvonne var ein triveleg dommar som leita lenge for å finna 0-ane på blokka si. Ho klarte å få mange til å slappe av i ringen og det vart også mange svært gode resultat. Dessutan fekk me mykje skryt over det jamne og gode nivået på hundane våre. Kari Grethe Svensøy var på besøk i Gaupne og laga ein flott blomekrans til klubbmeisteren. På appellmerkeprøven starta to hundar - begge klarte prøven. I klasse I starta 6 hundar - 3 fekk 1. premie og 3 fekk 2. premie. I klasse II starta tre hundar - 1 fekk 2. premie og to fekk 3. premie. I klasse III starta 1 hund - og det haldt ikkje til premiering. Her finn du premielista. Mona Listou har lagt ut bilder her
Nybakt klubbmeister Eva Røneid med labrador retriever Narjanas Filosophia og dommar Yvonne Keeve. Ho kom rett frå kvelpekassa og har difor ikkje fått vore med på fellestreningane i sommar. Kvelpane vart levert og så bar det avgårde på både sporprøve og lydigheitsprøve - men suksess i begge! No ynskjer me Eva og Freia lykke til på offisiell lydigheitsprøve som dei har planar om å starte på i haust. |
|||
|
LP-hundane i klubben |
|||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
"Chelly" 1. premie LP III Godkjent C-bruks Godkjent apportprøve Årets LP-spaniel 2010 Inger Handegård, Gaupne |
"Kiwa" 1. premie LP II Mona Nyløy, Fortun |
"Qandis" 3. premie LP II Start B-brukshund Godkjent apportprøve Inger Handegård, Gaupne |
"Tingeling" 3. premie LP II Godkjent apportprøve Elin Anita Gjerde, Leikanger |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
"Vezla" 3. premie LP II Godkjent apportprøve Godkjent D-brukshund Inger Handegård, Gaupne |
"Xmilla" 3. premie LP II Godkjent apportprøve AK Inger Handegård, Gaupne |
"Vikki" 1. premie LP I Opprykk til klasse II heelwork Opprykk klasse III freestyle Nr. 7 Crufts Nr. 5 nordisk Marianne Aas, Marifjøra |
"Busy" 1. premie LP I Mona og Emma Nyløy, Fortun |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|
"Freia" 1. premie LP I Klubbmeister LP 2011 Eva Røneid, Gaupne |
"Gaia" 2. premie i LP I Eva Røneid, Gaupne |
"Filiocus" 2. premie i LP I Kval. prøve retrieverjakt Anne Katrin, Bøyum, Leikanger |
"Cody" 3. premie LP I B-godkjent lavine, C-ettersøk Maria Langhelle, Fjærland |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
"Aya" 3. premie LP I Inger Handegård, Gaupne |
"Zelda" Appellmerket Start i LP I Laila Røneid, Årdalstangen |
"Fargo" Appellmerket Start i LP I Laila Røneid, Årdalstangen |
"Ian" Appellmerket Kval. prøve retrieverjakt Anne Katrin Bøyum, Leikanger |
|
|
|||