|

Frå
avslutninga på kvelpekurset januar/februar 2006
Om
klubben:
- Luster hundeklubb er ein
kommunedekkande klubb open for alle
hundeinteresserte.
- Klubben vart skipa i 1986.
- Medlemskontigent
frå år 2007 er kr. 85.- (Juniorar under 20 år kr. 10.-). I
tillegg må alle no vera direkte medlem i Norsk Kennel Klub. Dette
er kr. 140.- for ordinært medlem (=grunnkontigent). Denne
gunnkontigenten betalar kvart medlem berre ein gong, sjølv om dei er
med i fleire hundeklubbar.
- Klubben er samarbeidande med
Norsk Kennel Klub.
- Klubben arrangerer ulike
kurs og prøvar, medlemsmøte og samlingar.
- Mange i klubben er aktive
innan blodspor/ettersøk og utstilling. Fleire
har også starta på ulike bruksprøvar som
lydigheit, gjetarhundprøver, brukshundprøve, ulike jaktprøvar m.m.
- I den siste tida har
interessa for agility og freestyle auka
- Som medlem i klubben får du
tidsskriftet Hundesport frå Norsk Kennel Klub 10
gonger i året.


Klubben
har treningsområde på Nes - les meir her
Ny
forskrift
om bandtvang for hund i Luster kommune
Fastsett av
Luster kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74
om hundehald (hundelova) § 6 e).
§ 1. Eigar eller innehavar av hund i Luster kommune skal halda
hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå
og med 1. april til og med 1. november i dei områda der husdyr har
rett til å beita og faktisk beitar.
§ 2.
Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a) dresserte gjetarhundar i arbeid
b) tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c) hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d) jakthundar som vert nytta under lovleg jakt, samt under lovleg
trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av
eigar eller innehavar
e) hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f) organisert trening av brukshundar
§ 3. Brot på
denne forskrifta er straffbart, sjå lov om hundehald av 4. juli 2003,
§ 28.
§ 4. Denne
forskrifta trer i kraft straks.
Her
finn du debatten frå kommunestyremøtet 21.06.07
Link
til Hundeloven
|