Referat frå styremøter m.m. 

2008

Referat frå årsmøte 13 februar
13 møtte + ein minijunior

Nokon av dei som vart kalla inn pr e-post hadde ikkje fått innkallinga.
Årsmelding og rekneskap vart godkejnt
Ingen saker innsendt til årsmøtet og styret hadde heller ingen saker.

Val:
Inger - gjenvald som leiar
Rune ut - Asbjørg inn i styret
Vara 1: Mona Listau
Vara 2 Einar Ese
Valnemnd: Aud Kristin Oma og Sigrun Kalhagen

Aktivitetar frammover: fotokurs. sporleggjar kurs

Kort gjennomgang av utstilling, agility, lydigheit og spor før det vart pizza og sosialt samvær.

Ref: Inger og vigdis

2007                   Budsjett for 2007               Aktivitetsplan for 2007

Neste styremøte vert onsdag 9. januar kl. 18.30 på Rådhuset

Foreløpig sakliste:
(Lista vert oppdatert etter kvart som det vert meldt inn saker til møtet)

1: Årsmøtet - valnemnda legg fram sine forslag til val. Rekneskapet vert lagt fram. Innkomne forslag til saker vert drøfta.
2: Treningskveldar og kurs 2008

Referat frå styremøte 27. november 2007

Stad: Rådhuset 18.00-19.15
Til stades: 
Inger, Vigdis, Mona (etter sak 1), Helge + vara Asbjørg. 

1: Støtte til instruktørkurs Mona
Mona har no fullført instruktørkurset trinn I og bestått eksamen med glans. Ho har hatt totale utgifter på kr. 5.600.- inkludert reise og overnatting. LHK betalar Mona kr. 3000.- i støtte umiddelbart mot at Mona er hjelpeinstruktør på to kurs i løpet av fyrste halvår 2008. Resten på kr. 2.600.- vert utbetalt når Mona er ferdig utdanna instruktør.

2: Julemøte
Vigdis minner aud-Kristin om at ho har ansvar for dette møtet

3: Kurs januar 2008
Mona har ansvar for planlegging og me sender ut info til medlemmene saman med innkalling til julemøtet samt legg ut på internett.

4: Årsmøte
Stad Rådhuset. Tid: Februar
Styret minner medlemmene om at dei må melde saker inn til styret innan fristen. Valnemnda må gå i gang med sitt arbeid. Asbjørg ordnar med lokale og mat når dato er bestemt. Møtet vert på Rådhuset i Gaupne. Tema for møtet vert kort innføring i Utstilling - LP- AG og spor. Vigdis, Inger og Mona har ansvar for dei tre fyrste delane. Me håpar Andreas vil ha ansvar for den siste om spor. Max 10 minutt pr tema. Utlodding. Alle tek med ein liten gevinst. Klubben stiller med gavekort på kr. 280.-

5: Skal LHK stå som ansvarleg arrangør for agilitykonkurranse 23 august 2008?
LHK har fått forespørsel frå sogndal og Omland hundeklukk om å stå som ansvarleg arrangør same dag som me har lydigheitskonkurranse. Grunnen til dette er at SOHK skal arrangere AG-konkurranse 24 august, og kan ikkje stå som arrangør av to stevner ei og samme helg (dobbeltstevne). 

Styret er i utgangspunktet positive til å hjelpe Sogndal under fylgjande forutsetningar:
1: SOHK må ha økonomi til å kunne dekke eit eventuelt underskot
2: Ein frå LHK er med på utfylling av alle prøverpapiret som skal inn til NKK etter prøven
3: Me må ha eit godt samarbeid under planlegging og gjennomføring av arrangementa
4: Det må vera skriftlege avtalar angåande økonomi mm

Inger og Mona har fullmakt frå styret til å inngå avtale med Sogndal og Omland hundeklubb

6: Prøvar 2008
Det er søkt om bevegeleg sporprøve 1.mai til 1. september, ordinær sporprøve siste helga i mai/fyrste helga i juli og lydigheitsprøve 23 august

Referat frå styremøte 14. mars 2007

Stad: Rådhuset, Gaupne Frå kl. 19.00-20.30
Til stades: Inger, Vigdis, Mona, Rune, Helge + vara Asbjørg. 

Sak 4: Trenings og medlemsmøtedatoar våren 2007
Mona skal til Solvorn kvar fredag ettermiddag fram til start mai og for å unngå dobbel køyring vert treningane frå no av fredag mellom 17.30 og 18.30 i Gaupne..

Sak 6: Samarbeid mellom klubbane i Indre Sogn
Inger jobbar vidare med kontakt med Sogndal Hundeklubb som var positiv til eit samarbeid. 
No håpar me på å få til eit meir formelt opplegg.

Sak 7: Turorientering 2007 - status og fordeling av arbeid
Det vart orientert om saka. Inger har jobben med å få ferdig kart mm. 

Sak 9: Mønet - nytt belegg
Inger kontaktar Olav Moe for å ha mønet klart med bedre belegg til snøen går (kjem..?)

Sak 10: Nytt treningsområde
Rune sender inn brev til kommunen. 

Sak 12: Tema seinare medlemsmøte
Vigdis har snakka med Frank Ødegård om han kan vise bilder og snakka om hundekøyring.
Dette er i orden og det vert på eit haustmøte. Anna aktuelt tema er bandtvang.

Sak 13: Uoffiisiell utstilling i juni
Tida 11-14 juni passar best. Dommar Jane Nybø Torgersen har sagt ja til å dømme. Vigdis har meldt seg som skrivar. Det vert ei kveldsutstilling. Mona tek kontakt med Jane. 

Sak 14: Sporprøvane - både bevegelege og ordinære
Vigdis har ansvar for alt papairarbeid. Inger skaffar dommarar. Silje Hatlen frå stryn har sagt ja. Me prøver å få ein dommar til frå samme område som ikkje har dømt her tidlegare. Det vert etter planen 14 hundar kvar dag - 7 hundar pr. dommar. Helge er ansvarleg for sporprøven 2-3 juni. Han skal ha Einar Ese som viktig medhjelpar.

Sak 15: Agilitykurs i Sogndal?
Mona kontaktar Anne Katrine

Uformell sak - kva mål har styret med eige hundar i 2007?
Mona - først kvelpar så 1. premie i LP I
Helge - god stående jakthund
Rune - viltsporchampionat
Vigdis - ferskspor, NM?
Asbjørg - appellmerke, 2. premie blodspor
Aud Kristin - var ikkje til stades
Inger - Chelly - premiering i LP III, ferskspor, opprykk til B-bruks
         
Qandis - Opprykk til A-bruks, 1. premie LP II
          Vezla - 1. pr. spor, opprykk til C-bruks, 1. pr. LP I

Referat fra årsmøte i Luster Hundeklubb 14 februar
Stad: Hjå stein Ness, Høyheimsvik. Møtte: 24 - 23 med stemmerett
Referat: Mona Nyløy
Årsmelding - regnskap for 2006 vart godkjent.
Nytt styre: Som valnemnda sitt forslag
Treningsområde: Det var einstemmig vedtatt å prøve å få eit nytt treningsområde, gjerne på Røneidsgrandane eller eit
anne sentralt område. Rune Veum er leiar for arbeidsgruppa. 
Det vart informert om sporprøven i 2007.
Anne Katrine Bøyum, Sogndal og Omegn hundeklubb, hadde eit morsomt foredrag om kvardagslydigheit. 
Inger hadde laga ein uformell konkurranse.
Etterpå var det god pizza og praten gjekk rundt borda.

Referat frå styremøte 10. januar 2007

Stad: Rådhuset, Gaupne Frå kl. 19.00-20.30
Til stades: Inger, Vigdis, Mona, Rune + vara Karen og Asbjørg. Aasmund kom på slutten av møtet

Sak 1: Årsmelding + rekneskap - foreløpig gjennomgang
Inger har fått fullmakt til å skriva årsmeldinga ferdig og sende denne ut til styret på mail for godkjenning.
Karen avsluttar rekneskapen og får dette revidert før årsmøtet

Sak 2: Orientering frå valnemnda
Valnemnda har fått ny kasserar utanfor styret: Torill Otterhjell
Valnemnda orienterte om kven som var på val og kom med forslag til nye personar.
Frist for å komma med forslag til nytt styre er 14. januar for medlemmene

Sak 3: Gjennomgang av innkomne saker til årsmøtet
Det har enno ikkje komme inn årsmøtesaker frå medlemmene. Fristen er 1. februar. Saker som kjem inn vert diskutert på mail og telefon før årsmøtet. styret har forslag til ei årsmøtesak - sjå sak ..... 

Sak 4: Trenings og medlemsmøtedatoar våren 2007
Mona og Inger har sett opp forslag. Desse datoane står fast.

Sak 5: Dato for LP-prøve 2008
Det er søkt om prøve samme helg som Sogndal og omegn hundeklubb søkjer om agilitystemne. 
Datoen er 23-24 august 2008

Sak 6: Samarbeid mellom klubbane i Indre Sogn
Inger har hatt kontakt med Sogndal Hundeklubb som var positiv til eit samarbeid. 
No håpar me på å få til eit meir formelt opplegg.
Inger jobbar vidare med saka.

Sak 7: Turorientering 2007 - status og fordeling av arbeid
Utsett til neste møte

Sak 8: Treningsavgift for klubben sine medlemmer
Det var einstemmig i styret å IKKJE ha treningsavgift på treningskveldane til klubben.

Sak 9: Mønet - nytt belegg
Karen prøver å få Olav Moe til å ha mønet klart med bedre belegg til snøen går (kjem..?)

Sak 10: Nytt treningsområde
Området på Kloppi vart forferdeleg blautt i haust når det var så mykje nedbør. det var så blautt at det var vanskeleg å få slått og gått med småsko... Styret nedsette ein komite som skal utarbeide forslag til nytt treningsområde og sende søknad om område til kommunen. Det ynskjeleg er eit sentralt område som kan brukast store deler av året, som kan inngjerast, der det er plass å parkere nokre bilar og der det kan oppførast ei brakke og to til lite møtelokale samt for lagring av utstyr. Det er årsmøtesak å avsetje midlar til flytting av treningsområdet. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med nytt treningsområdet. Leiar Rune Veum har fullmakt frå styret til å søkje kommunen om nytt område.

Sak 11: Årsmøtet - det praktiske
Me skal vera hjå Stein Ness i Høyheimsvik. Asbjørg har ordna med lokale og mat.
Ho tek også i mot påmelding og ordnar med brus. Alle i styret tek med ei kanne kaffi.
Vigdis og Karen lagar kaker.
Inger skriv innkalling til møtet og kopierer dette opp.
Vigdis ordnar med adresseetiketter og sender ut innkalling. 
Me skal ha fagleg tema: Kvardagsdressur + litt om agility
Anne Katrine Bøyum frå Leikanger kjem og snakkar om dette.
Inger lagar konkurranse.

Sak 12: Tema seinare medlemsmøte
Vigdis snakkar med hundekøyrarmiljøet om dei kan vise bilder og snakka om dette.

Neste styremøte:
Onsdag 9. mai kl. 19.00


2006             Budsjett for 2006

Referat frå styremøte 9 november 2006

Stad: Rådhuset, Gaupne Frå kl. 17.00-18.30
Til stades: Inger, Vigdis, Mona + vara Karen og Asbjørg. Aasmund kom på slutten av møtet

Orientering:
Det vart ei kjapp orientering om personlege grunnar til fleire i styret som har gjort at det har vore liten styreaktivitet i klubben i 2006, samt at Inger var på brukshundkurs på Voss for gåvesjekken ho fekk på årsmøtet.

Sak 1. Medlemsmøte/Førjolsmøte onsdag 29 november kl. 19.00 på Rådhuset - pepparkaker og gløgg
Tema 1: NKK - ny organisasjon og ny medlemskontigent
Tema 2: Pelsstell, kloklipp og fôring
Tema 3: Sosial med uhøgtidlege konkurransar for alle + juniorar

Det vart ei kjapp orientering. Det vert eit førjolsmøte der medlemmene kan få ta med innbetalingsblanketten og få orientering og hjelp. I samband med dette møtet vert det sendt ut eit informasjonsskriv til alle medlemmene med orientering, møteinnkalling samt aktivitetsliste for vinter-vår 2007.

Inger lagar skriv + kopierer + ordnar møterom + orienterer på møtet + lagar oppgåve for juniorar + ordnar premiar
Karen ordnar etikettar
Vigdis sender ut som A-post seinast veke 46
Karoline lagar oppgåver for alle
Mona og Vigdis ordnar servering
Gisle oppdaterer heimesida

Sak 2: Aktivitetsliste for vinter/vår 2007
Medlemsmøte og trening med hund
Styret gir Mona og Inger fullmakt til å utarbeide denne lista, gjerne i samarbeid med naboklubbane.

Mona
og Inger lagar lista ferdig slik at ho kjem med i medlemsskrivet + på heimesida

Sak 3: Lydigheitsprøve 2008
Fristen for å søkje om prøve går i midten av november. Inger og Mona får fullmakt til å søkje om prøve, gjerne i samarbeid med Sogndal Hundeklubb og agilityprøve. Aktuelt tidspunkt er siste halvdel av august.

Mona og Inger søkjer om LP prøve før fristen til NKK er ute.

Sak 4: Blodsporprøvar 2007
Inger har søkt om ordinær blodsporprøve i samarbeid med spanielklubben første helga i juni samt bevegeleg blodsporprøve frå 1. mai og ut august.

Sak 5: Blodsporprøvar 2006

Inger ryddar opp i papir
Karen ryddar opp i økonomi. Purrar Inger på papir.

Sak 6: Samarbeid mellom hundeklubbane i Indre Sogn
Inger får fullmakt av styret til å ta kontakt med dei andre klubbane og innleia eit samarbeid med åpne treningar og medlemsmøter.

Sak 7: Faste datoar for styremøter - møte 2.kvar månad

Alle møter vert på Rådhuset med mindre anna er spesifisert 

Onsdag 7 mars kl. 19.00
Onsdag 9. mai kl. 19.00

Det vert lagt ut sakliste under nytt frå styret
ALLE styremedlemmer har ansvar for å leggja fram saker og alle medlemmer er velkommen med saker til styrebehandling

Sak 8: Årsmøte onsdag 14 februar på møtelokalet til Stein Ness, Høyheimsvik kl. 19.00
Vanlege årsmøtesaker + sosialt + eit fagtema ? + mat

På val: Vigdis + Aasmund + begge vara. Karen har bedt om å få avløysing som kasserar etter 8 år i jobben.
Valnemnd: Karen (leiar), Asbjørg og Bodil Otterhjell.

Karen leiar valnemnda og legg fram forslag til nytt styre til årsmøtet.
Styret vert orientert på møte 10. januar.
Siste frist for å komma med forslag til nytt styre er 14 januar
Frist for å komma med forslag til årsmøtesaker er 1. februar

Asbjørg ordnar med møtelokale + mat + påmeldingar (frist 10. februar)

Sak 9: Turorienteringa 2006
Turorienteringa må utsetjast til 2007 grunna praktiske problem med kart.
Meir informasjon kjem seinare.

Referat fra årsmøte i Luster Hundeklubb 9 mars 
Stad: Pyramidekafeen. Møtte: 21 - 20 med stemmerett
Referat: Vigdis Vigdal
Årsmelding - regnskap - budskjett med arbeidsplan for 2006 vart godkjent.
Nytt styre: Som valnemnda sitt forslag men det var feil at Vigdis Vigdal var på val.
Ny kontigent for 2007:  Kr. 85.- for ordinært medlem, kr. 10 for junior opp til 20 år. I basis ligg i tillegg grunnkontigenten på kr. 165 til Norsk Kennel Klub.
Ny lov: Bygger på NKK sin lovnormal. Lova vert med det første lagt ut på heimesida.
Nytt æresmedlem: Inger Handegård som i tillegg fekk ein gåveskjekk på kr. 3000.- som kunne nyttast til hundebadekar eller til å reise på kurs.
Det vart informert om aktivitetar i 2006 og om sporprøven.
Etterpå var det god pizza og praten gjekk rundt borda.

Styret sitt budsjett for 2006 
(bruk knappen til høgre på den nye sida som kjem opp for å kunna lesa budsjettet rett veg....)

Styremøte 9 februar 2006

Tilstades: Inger, Karen, Lillian, Rune og Vigdis

1. Sak til årsmøtet - Medlemskontigent frå 2007
Alle medlemmer må frå 2007 betale kr 165 til NKK. Dette vert betalt ei gong uansett kor mange klubbar ein er medlem i. I dag betalar Luster hundeklubb kr 90 for kvart medlem me har til NKK.

Det vart einstemmig betalt at maks kontigent for ein person som berre vil vera medlem i Luster hundeklubb og ikkje er med i andre hundeklubbar skal vera kr 250 totalt. Av dette går kr. 165.- til NKK og ny medlemskontigent i LHK vert då kr 85. LHK ynskjer framleis å ha ei svært låg medlemskontigent for juniorane og tek berre kr. kr 10 for juniormedlemmer (eller min kr 100 totalt inkludert grunnavgift til NKK. Det er fleire måtar juniorar kan løyse sitt medlemsskap. Ein muligheit er å melde seg inn i NKK-ungdom, men desse har enno ikkje fastsett sin medlemskontigent. Det vert orientert om dette på årsmøtet. 

2.Sak til årsmøtet -  Luster Hundeklubb må i samband med omorganiseringa i NKK vedta nye lover
Styret meiner me vedtek NKK sin nye lovnormal og denne vert lagt fram på årsmøtet.

3. Arbeidsplan og budsjett for 2006 og fram til årsmøtet i 2007
Vart einstemmig vedteke. Sjå linken

4. Forslag til ny æresmedlem
Vert lagt fram av styret på årsmøtet.

5. Junior som er medlem får 50% rabatt på alle kurs arrangert av LHK
Dette vart einstemmig vedtatt.

6. Sak til årsmøtet - Val av nytt styre
Styret sitt forslag:
Leiar: Inger Handegård
Styremedlem: Mona Nyløy
Styremedlem: Rune Veum
Kasserar utanfor styret: Karen Moe
1. vara: Vigdis Vigdal
2. vara: Asbjørg Rebni

Valnemd: varamedlemmer + vara Bodil Otterhjell

7. Sak til årsmøtet - Rekneskap 2006
Det vart eit overskot på kr 15871.
Dette skuldast:
- NSK skal ha overført kr. 1500 som er delt overskot av brukshundkurset
- Kr 3500 er medlemskontigent for 2006
- Det manglar utbetaling til instruktør for kurs i 2005 på ca kr. 1000
- Det vart ikkje trykt medlemsblad i 2005

8. Hundelova 
Helge Alme har ansvar for oppfølging og ber kommunen om at LHK vert høyringsinstans

9. Ordinær blodsporprøve 4-5 juni 2006
Helge og Vigdis er ansvarlege for planlegging og framdrift
Forslag til domarar; Torstein Solset og Geir Støfring
Reserve: Ivar Jonny Søndreål og Magne Øystein Sørbøen
Sporområder: Dag 1 Hafslo, dag 2 Jostedal

10. Årsmøte 9. mars på Pyramiden. 
Karen bestiller pizza og sender ut skriv, og har påmeldinga. Inger lagar innkalling og kopierer. Karen sender ut


2005

Styremøte 15 september 05

Til stades: Lillian, Vigdis, Inger, Mette, Åsmund og Rune

1: Innkalling. 
Må lage rutinar på at alle har fått innkalling. Denne gongen var det mailen som svikta.

2: Prøvar 2006
Sporprøve første helga i juni. Nokon andre enn Inger må ha hovudansvar for prøven dette året. Vigdis spør Andreas, Einar og Helge eller nokre av dei andre som er aktive med spor, om dei vil vera med å arrangere prøven. som vanleg er det snakk om ein dobbeltprøve i samarbeid med spanielklubben, men antal startande hundar kan reduserast.

Bevegeleg blodsporprøve. som i år, men prøvesesongen vert avslutta før jakta startar.

3: Andre aktivitetar hausten 2005 våren 2006

Dømming av Lustrahunden i bronse og sølv
- Inger snakkar med dei som har Lustrehunden i bronse og avtalar tid og stad med dei og Gunnar Eikemo for å få dømt til sølv. Det må vera ca.14 dagar påmeldingsfrist.

Det vert dømt Lustrahunden i bronse kvar tirsdag framover når værgudane er samarbeidsvillige.

Vigdis lagar klar annonse i Sogn Avis, ordnar med møtelokale samt avtaler med Inger eit medlemsmøte - generelt hundemøte - med tema kjøpe hund - kvelpetrening. Dette har vorte etterlyst. Tid så snnart som råd er i september - oktober.

Det kom fram ynskje om uoffesiell brukshundprøve i 2006. Eit positivt tiltak som me bør prøva å få til! Då har me også noko konkret å trena på.

4: Tirsdagstreningane
Det har vore få hundar på tirsdagstreningane i sommar - vått vær har kanskje mykje av skulda, men det vart etterlyst meir organisert trening - samstundes som det vart etterlyst at desse samlingane kan vera ein sosial samlingsplass utan organisert trening. Begge deler er ikkje råd på ei og samme tid, så me må halde fram med at dei som ynskjer berre det sosiale tek dette før eller etter den organiserte treningane, eller ein av dei seks andre kveldane i veka. større aktivitet er berre positivt!

Treningane vert flytta fram til 18.00

5: Turorientering
Det er seld ca. 12 kart. Me har berre fått positive tilbakemeldingar bortsett frå ein manglande post på eit par av dei første karta. Dette skal me fortsetje med til neste år også! Men då prøver me å få postane opp tidlegare og få fleire til å setje opp postar. I år var det ein sein vår som laga problem.

Desse har ansvar for å ta ned postane:
Rune - Liholet og Heggmyrane
Liv Nystuen - Jostedal
Inger - Røneidsmarka
Jan Nystuen - Hillestad

6: Agility
Det vart sett av kr. 3.000 til innkjøp av hinder i år. Desse er ikkje kjøpt inn, så me har vinteren på det. Kanskje nokon kan hente hindera i samband med utstillinga på Vikingsskipet? Rune tek med seg mønet og legg på filt. Lillian hjelper til med å finna rette mål.

Det kjem kanskje ein tysk agilityinstruktør på besøk til kommunen i oktober. Ho har då tilbudt seg å halda kurs for nybegynnarar. Innkalling til dette skjer på kort varsel. Instruksjonen vert på engelsk. Interesserte bør melda si interesse til Inger sli kat det kan kallast inn på telefon eller mail.

7: Treningsområdet Kloppi
Det må ordnast med gjerde mot gravplassen før neste vår.
Plassen har vore svært våt i sommar så det bør arbeidast med ein alternativ stad som har bedre grunnforhold.

Neste styremøte må vera i oktober før søknadsfristen for prøvar går ut. Vigdis kallar inn til møte

Styremøte 30.05.05

På Rådhuset. Til stades: Karen, Lillian, Vigdis, Inger, Åsmund og Rune

Lustrahunden i bronse-sølv-gull
Me må avtala "eksamensdatoar" for Gunnar. Det vart starta opp å utforma reglar for Lustrahunden i gull. For sølv og gull må det vera minst ei vekes påmeldingsfrist. Det er ynskjeleg med prøve i august-september. Inger avtalar dato med Gunnar

Det vart informert om sporprøven 4-5 juni, utstillinga 17 juni, turorienteringa.

Det kom fram ynskje om eige web-side for hundeklubben.

T-skjorter
Rune arbeider vidare med dette.

Neste styremøte ca. 20 august. Vigdis kallar inn.

Styremøte 21.02.05

Hjå Karen. Til stades: Karen, Mette, Vigdis, Inger, Åsmund og Rune

Aktivitetar 2005
Sosiale turar med hund -
Åsmund er ansvarleg og orienterer minimum ei veke før turen kvar og når den vert
Blodsporkurs - Vigdis spør Andreas
Turorientering - 10 postar + 10 tenger vert kjøpt inn
Uoffisiell utstilling - Mona er ansvarleg. stad: Fortun. Me spør om Anne Katrine bøyum vil vera dommar. Vigdis melder seg som skrivar. Det vert løyvd kr. 1000.- til oppstart/annonser m.m. Grillin om kvelden? Kan 4H ha kiosk? Lydigheit?
Agilityhinder - kr. 3.000 - 2 hoppehinder. 4 stemde for og 1 i mot. Karen bestiller.
Søknad om spesielle tiltak: turorientering, brukshundkurs

Innkjøp T-skjorter - Mette sjekkar

Kva hundar har medlemme våre som er busett i kommunen?
Ved ein rask gjennomgang over det styret hadde kjennskap til er det 
22 med gjetarhund
4 med spisshund
3 med terrier
6 med drivande hund eller dachs
6 med ståande fuglehund
14 med spaniel eller retriever m.m.
7 med miniatyrhund
4 med blandinsghund

Fordelt på ca. skulderhøgde er det 22 medlemmer som har hundar under 45 cm, 26 i storleiken 45-55 og 12 over 55 cm.

Neste styremøte tirsdag 12 april

Årsmøte 9 februar 2004

Det møtte 17 - 11 med stemmerett

Rekneskap - godkjent

Budsjett 2005
Innkjøp av hoppehinder
kr. 2.500 9 stemde for - 2 stemde mot
Innkjap av agilityhinder kr. 5.000 + tilskot frå kommune. 5 stemde for og 5 stemde mot
Faglitteratur til biblioteket kr. 1.600
Tilskudd brukshundkurs kr. 1.000
Støtte flaumoffer kr. 1.000
Turorientering kr. 3.000 8 stemde for og 3 mot

Årets mestvinnande:
Beste hund totalt NVCH Desperados Qandis
til Inger Handegård (7 stemmer)
Nr. 2: NUCH Klokkarsteinens Odin til Jan Inge Skjerven og NUCH NVCH Desperados Odessa til Inger Handegård fekk 1 stemme kvar
Beste junior Kiwa til Karoline Nyløy (7 stemmer)
Nr. 2: Jeanette Skjerven

Det vart 6 stemmer for og 3 mot for å avslutta den årlege konkurransen om årets mestvinnande.
Grunngjevinga for å slutta konkurransen er at den ikkje er ei gulrot for den vanlege medlem lenger

Det var informert om brukshundkurset, om redningshund, me hadde to dyrlegar som informerte og me hadde ei uhøgtidleg konkurranse. Det vart servert pizza og brus på klubben si rekning.


Ingen medlemmer har meldt seg til å laga agilityhinder. Klubben har søkt tilskot frå Luster kommune. Det vart einstemmig vedteke å kjøpa inn agilityhinder i samsvar med søknad til kommunen

Instruktørkurs
Pris 6-10.000 kr. Målet er at eit slikt kurs er sjølvfinansierande. Det må søkast om støtte.

"Lustrahunden"
Det vart vedteke å laga "diplom" med bilde

2004

Årsmøte 16 mars 2004

Det møtte 13 med stemmerett

Rekneskap - godkjent

Innkjøp av agilityhinder
Ingen medlemmer har meldt seg til å laga agilityhinder. Klubben har søkt tilskot frå Luster kommune. Det vart einstemmig vedteke å kjøpa inn agilityhinder i samsvar med søknad til kommunen

Instruktørkurs
Pris 6-10.000 kr. Målet er at eit slikt kurs er sjølvfinansierande. Det må søkast om støtte.

"Lustrahunden"
Det vart vedteke å laga "diplom" med bilde

2003

Årsmøte 12 mars.03 på banksalen i Gaupne

Det møtte 11 - alle hadde stemmerett

Årsmelding vart godkjent med ei retting. 
Urja's Danka Dari vart godkjent ettersøkshund med Jane Nybø Torgersen som førar.

Regnskap vart godkjent Fjoråret gav eit overskot på kr 851. Klubben har no kr. 62.000 på bank

Det vart delt ut gåvekort til årets debutant + årets junior + til alle vinnarar i kunnskapskonkurransane i bladet.

Det vart semje om å ha kontaktpersonar innafor ulike aktivitetar.
Fylgjande melde seg frivillig på årsmøtet:

Gjetarhund: Per Høyheim, Høyheimsvik Tlf: 57 68 54 60
Brukshund: Jane Inge skjerven, Hafslo Tlf: 57 68 46 48 E-post: ji.skjerven@c2i.net
Agility: Karen Moe, Gaupne Tlf: 57 68 13 42
Blodspor/ettersøk: Vigdis Vigdal, Jostedal Tlf:
Lydigheit + instruktørutdanning + jakt spaniel: Inger Handegård, Gaupne Tlf: 57 68 12 62
Uoffesiell utstilling 2003 og utstillingstrening: Jane Nybø Torgersen Tlf: 57 68 41 67

Val:
På forrige styremøte hadde me sett opp eit feil personar som var på val.Fylgjande var på val: Gunnar, Jane, Karen og Andreas. I tillegg yngste Helge å trekkja seg då han ikkje har hund lenger. Eva ynskte å trekkja seg som leiar.

Det nye styret vart slik:
Leiar: Inger Handegård, Gaupne Tlf: 57 68 12 62
Nestleiar: Eva Røneid, Gaupne
Sekretær: Vigdis Vigdal, Jostedal
Kasserar: Karen Moe, Gaupne
Medlem: Jan Inge Skjerven, Hafslo
Vara (vald for 1 år):
Gunnar Eikemo, Hafslo
Jane Nybø Torgersen, Hafslo

Etterpå var det kaker, kaffe og brus. Styret takkar spesielt dei to juniorana + nye ansikt for frammøtet!

Styremøte 30.januar.03

Til stades: Inger, Eva, Helge, Gunnar, Jane, Karen

Valet: På val i 2003: Helge, Inger og Andreas (vara). Helge og Andreas har sagt dei vil trekka seg ut av styret. I tillegg har Eva sagt at ho vil trekkja seg som formann. Formann kan veljast kvart år. Sidan me ikkje har vald valnemnd på årsmøtet fungerer styret som valnemnd. Styret legg fram forslag til nytt styre saman med innkallinga til årsmøtet.

Mail i frå Robert Brenden ang. årets Lustrahund: Styret sler fast at det tidlegare er gjort vedtak av årsmøtet at beste Lustrahund skal vera busett i kommunen/eig av Lustring. Statuttane kan endrast av årsmøtet. Styret meiner at det også bør inn krav om at førar/utstillar skal vera eigar eller familiemedlem. Målet med denne konkurransen er å stimulera hundeeigarar i kommunen til å jobba med sin hund. Klubben har i dag medlemmer busett i fleire kommunar og i Sverige. Alle er sjølvsagt velkommen som medlem!

Styret legg fram framlegg til utrekning av poeng fram på årsmøtet.

Lustrahunden: Kjem ut i slutten av februar. Skal innehalda årets mestvinnande, årsmelding, rekneskap og innkalling til årsmøtet. Alle er ansvarlege for å senda inn stoff.

Kvelpekurs: Inger har eit kurs. Fleire har spurt etter eit slikt kurs. Kurset vert annonsert gjennom jungeltelegrafen + oppslag på fleire butikkar. Kjenner du nokon som har kvelp gir du denne beskjeden vidare.

Interessegrupper: Det var stor semje i styret om at me lagar interessegrupper innan jakt – agility – spor – lydigheit – bruks – redningshund osv. Kvar av gruppene får sin leiar som har ansvar for drifta. Det vert sett av pengar i budsjettet. Gruppene styrer ellers seg sjølve – men må rapportera til styret og medlemsbladet.

Helgekurs med Tove Husebråten: Karen før opp dette og held kontakten med Tove.

Utstillingstrening: Når det vert lysare om kveldane vert det lagt inn utstillingstrening dei faste treningskveldane tirsdagane utanfor parken i Gaupne. Dette vert i god til før utstillinga i Bergen (NKK) og Førde.

Uoffisiell utstilling: Jane har ansvar for framdrifta. Inger hjelper til med dommar. Anne Bøvelstad vert spurt først.

Blodsporprøvar: P.g.a missforståalsar og dårlege rutinar vart det ikkje søkt om blodsporprøvar i 2003. Luster hundeklubb vil difor samarbeida med spanielklubben som har både ordinær og bevegeleg blodsporprøve i kommunen.

Agilitybane – 1000 års parken: Inger informerte og sender kart med banestørrelse (som ho får frå Karen) til nemnda med kopi til kommunen.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Inger sender inn innspel.

Møte om bedre ungdomsmiljø i kommunen 13. februar kl. 19.00: Inger møter med alle i styret vert oppfordra til å møta.

Søknad om tilskot frå Luster kommune og Luster sparkebank: Frist kommunen er 1. mars. Karen og Eva har hovudansvar for å få av garde søknadane. Inger lagar naudsynte vedlegg.

Årets mestvinnande: Vart kåra på møtet men vert ikkje presentert for medlemmene før i medlemsbladet!


2002

Styremøte 1. oktober-02
Eva, Karen Jane og Inger møtte. Meldt fråfall: Gunnar, Andreas og Helge

Saklista var lang - men me fekk gjort mykje på vel to timar.

Blad til jul? Alle var einige om at dette er svært viktig og det vart fordelt i styret kva dei enkelte skal skriva om. Me ynskjer gjerne annonser. Pris for firma er kr. 500 pr halvside!!!

Årets mestvinnande: Det vert sett krav til at resultat må sendast inn skriftleg til Karen før fristen 11. januar. Det står noko anna i Hundesportspalta som kjem til jul - men dette er ikkje noko stort problem.

Aktivitetar hausten 2002 var eit viktig tema:
Det vert medlemsmøte med tema innlæring og trening av hund samt nybegynnarkurs/kvelpekurs. På grunn av få instruktørar fekk med Tove husebråten til å stilla opp på helgekurs. Me kjem attende til dato på heimsida vår og ved annonse i Sogn avis når me veit når ho kan komma. Maks pris for helgekurset vert kr. 500.-

Agilitybane: Me fekk ikkje eit einaste svar på annonsa vår etter brukt bane i Hundesport. Me ynskjer å prioritera innkjøp av baner og prøver no å få kjøpt (deler av) ny bane.

Klippekurset 2002 Kurset har vore vellukka, men ein deltakar har dessverre enno ikkje fått sin kveld med stell av eigen hund.  

Søknad om prøvar 2003:
Klubben søkjer om bevegeleg blodsporprøve, fersksporprøve og ordinær blodsporprøve 31. mai. Denne prøven vert ein dobbeltprøve i samarbeid med spanielklubben. Ansvarleg for den ordinære sporprøven vert Helge Alme.

Årsmøtet over jul vart diskutert. Ein i styret ynskjer å gå ut, ein ynskjer å få endra arbeidsoppgåver. Me er alle einige om at me sårt treng nye styremedlemmer med andre hovudinteresser enn spor og jakt! Me håpar at dei som kan tenkja seg eit styreverv for to år og jobba for sine interesser tek kontakt med styret snarast!

Styremøte 12.03.02
Inger, Jane, Helge, Gunnar, Eva og Andreas + Gaia og Qandis møtte.
Hovudsaka på dette møtet var sporprøvane 1-2 juni. Dommarar vert Helge Alme og Svein Granli. Det har alt begynt å komma påmeldingar - så det er viktig at alle som ynskjer å vera med på desse prøvane melder på + betalar før påmeldingsfristen går ut!
Nye premiar: Det vert bestilt 50 drikkeglas med klubben sitt emblem.

Årsmøtet 13.02.02
Det møtte 8 medlemmer - alle hadde stemmerett.
Årsmelding og rekneskap vart godkjent.
Styret vert som for i fjor.
Årets mestvinnande 2001 vart kåra. Desse vert presentert i Lustrahunden. For mestvinnande i år 2002 vart det bestemt at Eva Røneid har ansvar for pokalane og at Karen Moe har ansvar for å ta i mot resultat. Som vi år vertdet sett ein absolutt siste frist for innsending av resultat.
Årets junior (under 20 år) og årets debutant: Dette vert to nye konkurransar for medlemmer busett i kommunen. Målet er å inspirera unge og uerfarne til å jobba aktivt med hunden sin. Vinnarane får eit inngravert glas til odel og eige. ein kjem attende til statuttar.
Sporprøvane 2002: Inger, Helge og Andreas har ansvar. Vidare ansvarsfordeling vert fordelt på seinare møte.


2001

Styremøte "light" 19.12.01 Berre Karen, Eva og Inger møtte
Nytt frå klubben: Det vart skrive på konvoluttar, klistra på frimerker, bretta nyheitsbrev og lagt inni bankgiroar for betaling av medlemskontigent til alle medlemmene i klubben + nokre som me veit har fått kvelp i det siste.
Det vart diskutert og orientert om: Agilitybane, instruktørkurs, medlemsblad/årbok, årsmøte, Hundesport-spalta.
Me hadde god mat og drikke...

Brev frå Luster kommune 23.11.
Klubben har fått kr. 2.500 i tilskot til dei tre hundane som deltok på NM-blodspor.

Styremøte 25.09.01 - heile styret møtte.

Blodsporprøver - ordinære:
Me søker om to eindagars prøvar: 1-2 juni og 31 aug-1 sept. 1. juni og 1 september vert spanielklubben sine prøvedatoar slik at det vert to prøvar ei og samme helg.
Blodsporprøvar - bevegeleg:
Samme datoar som i fjor - men det vert to prøvar i samarbeid med Norsk Spaniel Klub. Andreas, Magne og Helge (når han vert godkjent) dømmer vår prøve, Arild og Inger dømmer NSK-prøven.
Fersksporprøve - bevegeleg:
Prøvedatoar vert (ikkje fastsett enno)

Framlegg til Luster kommune om å endra bandtvangen i kommunen
frå 15 oktober for hundar på lovleg jakt til 1. oktober. Gunnar arbeider med saka og søkjer fleire samarbeidspartnarar.

Styremøte 21.08.01 - heile styret møtte.

NKK-klubbadresse på internett.
Helge prøver å ordna dette slik at alle i styret får NKK-mailane direkte heim. (Dette er no ordna og fungerer utmerka!)

Agilitybane
Karen og Jane tek på seg arbeidet med å prøva å få til bane. Karen set inn annonse etter brukt bane i hundesport.

NM-blodspor 2001
Klubben har søkt om reisestøtte. (Og denne er no innvilga - deltakarane sjølve må dokumentera reiseutgiftene)

Trinn II jaktinstruktør
Inger har vore på samling og informerte om dette.

NKK-oppdrettarpris
Eva har kontakta aktuelle oppdrettarar. Klubben sender inn anbefaling for den som har dokumentert oppdrettet sitt i over 10 år.

Aktivitetar
Først og fremst vert dette å få til eit blad til jul! Alle har eit ansvar her!