|
2012

Marianne og Vikki er
i verdenstoppen i freestyle!!!
Nordisk Meisterskap 2011: Dette
var fyrste gong at Noreg var representert i dette mesterskapet som gjekk av
stabelen i november på den store hundemessa på Lillestrøm, DOGS4ALL. Det var
både lagkonkurranse og individuell konkurranse. Kvart land stile med 4
deltakarar. På kvalifiseringsrunden laurdag var Marianne og Vikki nr. 4
etter Sverige sine to og Finland. Poengsummen var imponerande 27,27.
Under finalen dagen etter var det 8 som starta, og Marianne var den einaste
frå Noreg. Nervene var i spenn då Marianne og Vikki entra den store ringen
der tribunane var fullstappa med tilskodarar. Poengummen vart 26,93 og
Marianne og Vikki vart med dette nummer fem i det nordiske mesterskapet! Som
beste nordmann var ho også med dette kvalifisert til å delta på det
internasjonale mesterskapet på verdast største hundeutstilling. Utstillinga
er Crufts i England som vert arrangert i mars.
Sjå bilder og video frå DOGS4ALL her
Internasjonalt meisterskap 2012: Marianne og Vikki køyrer til England
er nummer to i ringen av dei 15 landa som deltek. Ringen er kjempestor,
tribunane er fullstappa og konkurransen vert sendt live via youtube over
heile verda. Programmet til Marianne og vikke er det same som under nordisk
meisterskap. Poengsummen vert 22.17. Lenge held Marianne seg på pallplassen,
men på slutten kjem det inn nokre svært gode deltakarar og Marianne og Vikki
endar til slutt på 7. plass – noko som er ein fantastisk prestasjon! Vant
gjorde Frankrike med Skotland og Tsjekkia på andre og tredje plass.
Vikki heiter på papiret Memory of Sara af Sea Perto. Vikki er enno
ung, og vil enno utvikle seg mykje. Det vil derfor verta spennande å sjå kor
langt Marianne og Vikki kjem i framtida. Dette var starten – kvar endar det,
skal tru?
Her kan de sjå Marianne (og alle dei andre) på verdsmeisterskapen (ho er nr.
2)
og her
vinnaren
NORD
VCH Desperados Rochelle (Chelly) er kåra til årets sporhund i Norsk Spaniel
Klub
Spanielklubben
er ein av dei større raseklubbane i Norge med 2.500 medlemmer. Konkurransen
om årets sporhund er knallhard, men Inger og Chelly kunne etter
NM-plasseringa dra i land årets sporhund.
To andre
Lustrahundar kom på delt 3. plass!
Det er NSVCH
Desperados Tingeling til Elin Anita Gjerde og NVCH Desperados Zelda til
Laila Røneid.
2011

1. premie
med HP på spor og godkjent etetrsøkshund
Mona Nyløy og
sheltien Kiwa har gjort det skarpt på spor. Først fekk dei 1. premie med HP
på spor og så vart dei godkejnt som ettersøkshund 22 september.

|
3 x
viltsporchampion i løpet av ein månad
|
NVCH Desperados
Xmilla
Eigar: Inger Handegård
3 x 1. premie, 2 x HP på spor
Godkjent jaktanleggsprøve
Godkjent apportprøve AK
3. pr LP II
Red. cert og fleire CK på utstilling
|
NVCH Desperados
Zelda
Eigar: Laila Røneid
8 x 1. premie spor, 3 x HP
Fleire gode plasseringar
Appellmerke LP
Fleire CK på utstilling
|
NVCH Desperados
Fargo
Eigar: Lars Gunnar Røneid
3 x 1. premie på spor
Godkjent ettersøkshund
Godkjent jaktanleggsprøve
Godkjent apportprøve BK
Appellmerke LP
2 x cert og BIM på utstilling |

Klubbmeistaren vår i lydigheit, Eva Røneid med NVCH Narjanas Filosophia fekk
1. premie i lydigheit klasse I på Gjøvik i helga. Me gratulerer!

Nr. 2 på NM
i blodspor!
NORDVCH
Desperados Rochelle og Inger Handegård vart nr. 2 på NM i blodspor etter ein
spennande omkamp. Les meir i to artiklar - artikken 1 - artikkel 2. NSVCH
Desperados Tingeling og Elin Anita Gjerde gjorde det også svært bed med ein
solid 1. premie og 3 av 6 kryss på utmerka på kritikken. Kennel Desperado
hadde 5 hundar med på dette NM-et og alle fekk 1. premie.

Ny godkjent
ettersøkshund
Ville skryte og si
gratulerer til Ronny Fossøy & Ossi som nå er godkjent ettersøkshund etter
bestått fersksporprøve 07.08.2011
Veldig stolt og glad i dokke!!
Klem fra Viljar & Stine

Springersuksess på Nesbyenutstillinga
11 springere påmeldt - 3 av desse kom
frå Sogn.
Desperados Aya (foto over) var den som gjorde det best med cert og BIR
lørdag og 3 BTK med CK søndag
Desperados Xmilla fekk 2 x CK og vart 4 btk lørdag og 2 btk med res cert
søndag.
Fjordgløtts Bonnie fekk excellent lørdag og CK og 4 btk søndag.

4
x HP på blodsporprøve på 6 startar på
NSVCH Desperados Tingeling og Elin Anita Gjerde
Ein imponerande
innsats!
Ikkje nok med det, dei har også klart 3. premie i lydigheit klasse II og har
excellent på utstilling.
Elin si andre
tispe, Fjordgløtt's Bonnie har klart cert på utstilling, 2 x 1.
premie og 1 x HP på spor og godkjent jaktanleggsprøve or spaniels.
Godkjent
jaktanleggsprøve også til Desperados Wells Fargo og førar Laila
Røneid.

Desperados
Xmilla og Inger Handegård klarte 3. premie i lydigheit klasse II og vart nr.
3 i klassen på Frya i Gudbrandsdalen.

3 hundar og førarar debuterte på
agilitykonkurranse i Naustdal
Bilde
viser Emma & Busy, Stine & Ossi og Ann-Kristin & Costa som har debutert i
agility på stevnet i Naustdal 30.04.2011

NORD VCH
Desperados Rochelle
er kåra til mest allsidige og mest lydige hund i Norsk Spaniel Klub 2010
Norsk Spaniel Klub har i overkant av 2000 medlemmer
fordelt over heile landet.
Chelly vant med 1, 2 og 3. premie i lydigheit klasse III, 3 x 1. premie på
blodspor, 2 x HP og nr. 4 i NM blodspor 2010.
Frå før har Chelly to x cert på utstilling og ho har CK og stod ein plass
frå certet på NKK-utstilling.
Ho har godkjent jaktanleggsprøve og jaktprøve del I (apportprøve). Ho er
godkjent ettersøkshund.
Ho har godkjent i klasse C på brukshundprøve - spor NBF og er mor til tre
kull.
I tillegg er ho norsk - svensk - finsk viltsporchampion = nordisk
viltsporchampion.
Eigar: Inger Handegård Fotograf: Mona Nyløy.
Marianne Aas og Vicki har debuttert og fått opprykk i
Heelwork to Music
Dei to var på Mydog, den store hundeutstillinga i Gøteborg rett
over nyttår. Sidan dette er ei ny konkurranseform starta alle 17 deltakarane
i klasse 1 som er den lågaste klassen. Av desse 17 fekk 14 opprykk og
Marianne og Vicki plasserte seg som nummer 8 av 17. Marianne fortel at dei
bytta musikk så seint som fredag kveld og konkurransen gjekk søndag...
Ekstra moro var det å sjå kor stor breidde det var i rasar. Av dei 14
hundane som fekk opprykk var det 3 border colliar, 2 mopsar, aussie,
dansk-svensk gårdshund, labrador retriever, schäferhund, bichon havanais,
welsh springer spaniel, klein spetz og groendael. Så dette er tydlegvis ein
konkurranseform som alle rasar, frå stor til liten, kan vera med på!
2010

Dyktig gjeterhund på nordisk
mesterskap for unghundar
Tom Idar Kvam og border collien Mist vart utteken
til Nordisk finale gjeterhund - unghund - i Trelleborg i Sverige
27-28.november. Det starta 14 ekvipasjer frå kvart land. Plasseringa
vart 15 plass individuelt og det norske laget vant samanlagt. Foto:
Karin Mattson.

June
Schancke har vore på utstilling
Her er resultater på
mine hunder fra de 3 siste utstillingene vi har deltatt på. (Regner hele
Nesbyhelga som 1) Vi har gjort det bra som du ser. Alle hundene er i mitt
eie. Datteren min Borghild er “medeier” av Foxy og Ivy og setter sikkert
pris på å bli ført opp som eier sammen med meg. Nesbyen 30.07.2010
Hallingdal Hundeklubb Dommer: Heidi Hagen Ivy( Proud Ivy Boffin Of Gamwich)
BIM valp (helbror Playful Otto Boffin Of Gamwich ble BIR valp) BIR
valp BIG3 valp Nesbyen 31.07.2010, Irsk Ulvehundklubb Norge
Dommer: Ferdinando Asnoghi Foxy (Lovely Lily Baggins Of Gamwich) 1.AK 1.AKK
CERT CK 2.BTK.
Nesbyen 01.08.2010 Norsk Terrier Klub Dommer: Kevin Brown Tilly (Roly Poly
Tiffany Trophy) 1. AK 1.AK
Bergen 26.09.2010 Bergen Selskaps- Og Brukshundklubb Dommer: Hans Von Den
Berg
Foxy (Lovely Lily Baggins Of Gamwich) 1.AK 2.AKK
Hugo (Farmarens Hugo Hamilton) 1.AK 1.AKK CERT CK 2.BHK BIR
Ivy (Proud Ivy Boffin Of Gamwich) BIR valp og BIG3 valp(BIG Dommer: Svend
Løvenkjær)
I tillegg ble en tispe fra mitt oppdrett BIM med CERT (Sweet Chica Baggins
Of Gamwich)
Hamar 10.10.2010 Norsk Kennel Klub Dommer: Elzbieta Chwalibog
Tilly (Roly Poly Tiffany Trophy) 1.AK 1.AKK CERT CK 2.BTK res-CACIB og NUCh
Hennes datter: Diamond Ruby Of Gamwich ble BIM med CERT og CACIB
Hilsen June Schanke

8. oktober
Tom Idar Kvam og Mist
er kvalifisert til NM gjetarhund!
Tom Idar Kvam frå
Hafslo er kvalifisert til nm i gjetarhund med Border collien "Mist". NM går
av stabelen i Bø i Telemark 8-10 oktober. Mist er blant dei 4 yngste hundane
som er kvalifiserte. Det er 100 hundar frå heile landet som er kvalifiserte.
Dei 8 beste frå innleiande rundane fredag og dei 8 beste frå laurdag går
vidare til finale på søndag. Mist er einaste "Sognehund" som er kvalifisert
til NM. Frå fylket er også 2 frå Måløy og 3 frå Stryn kvalifisert. Mist er
kvalifisert som 3. hund frå S&Fj., noko som er ein svært god prestasjon i
seg sjølv!
Mist er ei 2 1/2 år gamal tispe som vart importert frå Wales i desember -09
som delvis trena. Ho har gått stabilt godt i heile år med ein 5. plass i
Norgescupen som beste plassering. Målet for NM er ein finaleplass, men Tom
Idar blir ikkje skuffa viss me er blant dei 40 beste.
http://nm.gjeterhunder.net/news.php
19.
september
Stor
gratulasjon til Marianne og Vikki som debuterte på
freestylekonkurranse i helga med å få 1. premie, sølvmerket og nr. 1
i klassen. Her trenar dei agility.

9.
september
Oddvin Kveane har fått to nye hundar for kadaversøk
Her er dei nye håpa. Dei skal trenes på blodspor og kadaversøk.
Blanding av grå elghund og finnsk lapphund, skjølv om ein av og
til skulle tru det var blanding av hoggorm og geit.
8.
september
Desperados Xmilla har
klart 1. premie med HP på bevegeleg blodsporprøve
Prøven var arrangert av Trøndelag Dachshundklubb og gjekk i
Bymarka i Trondheim.
Dommar var Marvin Røstadli og førar var Inger Handegård.
Les meir her.
8.
september
Desperados Wells Fargo
til Lars Gunnar Røneid og NVCH Narjana's Filosophia til Eva
Røneid er no godkjente ettersøkshundar

29. august
Sessa har klart appellmerkeprøven - og det med ny rekord 170,5
poeng!
Sessa er ein snart 11 år gamal
golden retriever.
Dyktig fører er Marianne Aas.
22. august
Eva Røneid og
labradoren Narjana's Filosophia fekk appellmerket i dag
Ho fekk 154 poeng og hadde 8 som lågaste
karakter! Dommar var Inger Handegård
21. august
SVCH
Desperados Tingeling på dobbel sporprøve
Laurdag
var ho på Sandane og søndag i Førde. Det vart 2 x 1. premie, 1 x HP
og andre beste hund av 19 startande.

21. august
Fleire topp
resultat frå Nesbyen-utstillinga
Tanja (
Sømaan´s Diplomatic Dreamflower ) BIR med CK og CERT. Dommer var Annamaria Tarjan. Eier Janicke Sundal.

16. august
Ann Kristin
Teigen var på Oslo-dobbel
Laurdag: Be
Meja's Costa Rica fekk 1.pr og vart nr. 2.i Juniorklassen.
Asketveten's Ebony (Bizkit-mamma til Costa) fekk CERT, CACIB, BIM,
Norsk Champion, Nordisk Champion og vart Crufts-kvalifisert.
Kullsøster til Costa vant juniorklassen føre Costa og vart
også Crufts-kvalifisert.
Søndag: Be Meja's Costa Rica slo denne gongen kullsøstra og fekk
CERT og vart andre beste tispe. Mora vart BIM og Norsk Vinner 2010.
Det var med andre ord ein kjempeflott utstilling med knallbra
resultat for Be Meja's gjengen! Biletet viser Costa i ringen og frå
venstre Costa til venstre, mamma Bizkit i midten og kullsøster Isis
til høgre. Mvh. Ann-Kristin
16. august
To frå Luster
hundeklubb på NM
blodspor 2010 -
Inger og Chelly kom til finalen og vart nr. 4
Inger Handegård
og NORD VCH
Desperados Rochelle gjekk eit perfekt 1. spor og fekk 1. premie med
HP og kom til finalen som ein av 5 hundar. Finalesporet hadde eit
par "tekniske" problem som at det ikkje var oppspark på slutten og
skanken hang i eit tre... Men i tillegg var Chelly litt ved sida av
sporet då ho sjekka opp eit ferskt elgspor etter ku med kalv. Einar Ese med NVCH Astrospring's Io
fekk fugl rett etter sporstart og hadde litt problem fram til 1.
vinkel. etter dette gjekk det strålande og det haldt til ein god 1.
premie. Totalt fekk 21 av totalt 30 startande hundar 1. premie og av
desse fekk 9 hundar HP. Chelly er einaste hund som to gonger har
komme med i finalen i dei to åra det har vore finaleomgang på NM
blodspor. På biletet sit Eva Kvammen, Vassenden med NVCH Desperados
Titicaca som fekk 1. premie - på benken samen med Einar Ese. Til
høgre Inger og Chelly.
11. august
Fleire
resultat frå
utstillinga på Nesbyen
30/7: Winston
La Todd av Aumset, cavalier, BIM kvalp 4-6 mnd
31/7: Trolldronningen`s Adorable Alba, Grand Basset Griffon Vendeen,
1 kval/1 konk
1/8:
Trolldronningen`s Adorable Alba, BIR og 4. BIG.
Begge hundane er eigd av Anne- Ma(grit) Hov Molland
5. august
Lustrahund på
utstilling på Nesbyen
Eg var på
utstilling me Costa Rica på Nesbyen 31.07 og 01.08 med følgande
resultat: 31.07: 1pr. HP, 01.08: 1.pr. CK.
Helsing Ann-Kristin

24.juli
Tre lustra-hundar på
toppen av "hi-pallen"
Her er eit
bilde av mine hundar som var på dachshundklubben sin hi-leir og
deltok på norges største hi-prøve med 24 deltakar. Det har ikkje
vore utdelt cert på 2 år, så det heng høgt. Nr 3 med 1 pr og cert og
dermed jakt ch INT NSUCH NSJCH SVCH Parlour Glen Moray. Nr 2 med 1
pr og cert Akkis Dixi. Vinnar av prøven 1 pr og cert Klokkarsteinens
Fløffy, 15 mnd gammal. Alle 3 er eigd av Jan Inge Skjerven Hafslo
(Dessverre var ikkje bildet større enn dette. Inger)
9.juli
Desperado-springere på
utstilling
Springerane Desperados Zelda og Desperados Wells Fargo til Laila Røneid og Desperados
Aya og Desperados Vezla til Inger Handegård, var på NKK Trondheim.
Zelda fekk 1. premie og vart nr. 3 i unghundklasse, Fargo fekk 1.
premie og vart nr. 4 i åpen klasse. Aya fekk 1. premie og vart nr. 2
i juniorklasse og Vezla vant brukshundklassen med CK og vart 5.
beste tispe. Det var påmeldt 44 hundar i rasen.
14.juni
Bølla har vore på
kadaversøkskurs
Hei. Eg, Oddvin Kveane, var på kurs med Bølla i kadaversøk. Eg
vart tipsa av en annen kursdeltager om å sjå på bloggen til
instruktøren etterpå, og der fann eg denne fargerike beskrivelsen av
Bølla. Les bloggen her.
28.juni
Resultat oppnådd av
medlemmene våre
Springerane Desperados Zelda til Laila Røneid og Desperados Aya
til Inger Handegård, var på dobbelutstilling på Oppdal. Zelda fekk 2
x 1. premie i unghundklasse og 1 x klassevinner med HP. Aya fekk 2 x
1. premie, 2 x HP og 2 x klassevinnar. Jane Nybø stilte den nye
puddelen sin og fekk 2 x 1. premie.
24. juni
Ann-Kristin
Teigen og Costa har vore på utstilling og på tur
Har Dei har
vore både på Molden og
gått Kongevegen. Trykk på navna for å sjå bileta. Dei var
også på utstilling i Hokksund 20 juni på Pinscher-spesialen. Der
fekk Costa 1.pr. og vart nr. 2 i klassen.
14.juni
Resultat oppnådd av
medlemmene våre
Springeren NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård var
berre 3. poeng frå ein ny 1. premie i lydigheit klasse 3 på
Nordfjordeid laurdag. Dermed er Chelly og Inger i ledelsen om å verta kåra som årets lydigheitsspaniel i Norsk Spaniel Klub på
landsbasis...
Marianne Aas og aussien Memory of Sara av Sea Perto starta i agility
begge dagar. Rett nok utan å gå til premiering denne gong - men det
er kjempekjekt at nokon frå klubben vår startar å konkurrere også i
agility. Me ynskjer dei lukke til vidare.
9.juni
Resultat oppnådd av
medlemmene våre
Springarane NORD VCH Desperados Rochelle til Inger Handegård og
NVCH Desperados Io til Einar Ese fekk begge HP på blodsporprøven i
kommunen 5. juni. Dei er no godt kvalifisert til NM-blodspor.
Labradoren Narjana's Filosophia (Freia) til Eva Røneid 1. premie
og er dermed godt på veg mot eit viltsporchampionat.
Les meir frå prøven og sjå bilete her.

30.januar
08
Snart
godkjent ettersøkshund for bjørn i kommunen?
På grunn av bjørnen som var i Jostedalen for ei tid sidan reiste
Bølla og eg til Elverum for å gå på kurs i ettersøk av skada bjørn.
Det var mykje teori, en del skotplassundersøkelsar og ein ganske omfattande skyteprøve som gjekk på presisjon, hurtigskyting og bevegeleg mål.
Men det eg vil skrive litt om her, er hunden og mentalitet/bjørnetesten på Østli hundesenter.
Det var faktisk nokon som meinte det var godt det var hunden som skulle testast og ikkje eigaren... Eg hadde til å
begynne med tenkt å ta med ein huskyblanding eg har, men så oppdaga eg ut at lydigheit var en del av prøven og at hunden
skulle vera laus på en del av testane, så da måtte det bli Bølla i staden.
Bølla er blanding av dachs, basset og border collie. Ho har eit ganske friskt gemytt og er trygg på seg
sjølv, noko som kom godt med på prøven. Eg hadde aldri vore med på
noko slikt før og hadde ikkje så altfor store forhåpningar då me starta. Bølla var fyrste hund som starta.
Lydigheita gjekk bra og det gjekk sånn noke lunde i resten av løypa også.
Eg var litt mellomfornøgd, men til min store overaskelse vart ho godkjent og fekk karakteren "anbefalt".
Kor godt ho hadde gjort det vart eg fyrst klar over då alle dei ni andre hundane på prøven
strauk! Det som skal til for å få ho ferdig godkjent som ettersøkshund på bjørn er ferskspor, blodspor og møte med bjørn for å sjå om ho tåler møtet.
Dette vil Hedemark JFF ordne, så til våren reiser me til Orsa bjørnepark i Sverge, så da får me sjå om det blir
nokon godkjenning på oss.
Helsing Oddvin Kveane og Bølla
|